Tilbake
Saksframlegg :
Fylkesutvalet
Print
Møtedato:28.11.2006

Sak :U-172/06 A -- MÅLFORM, I EINSKAPSFYLKET - VURDERING AV SPRÅKLEG NØYTRALITET


Bakgrunn
Spørsmålet om målbruken i einskapsfylket Møre og Romsdal blei reist som interpellasjon av representanten Torkild Solli Haukaas (T-43/06) under fylkestinget i Kristiansund i juni 2006. Fylkesordføraren svarte på interpellasjonen. Torkild Solli Haukaas takka for svaret og fremma følgjande forslag som blei samrøystes vedteke i fylkestinget 14.06.2006:
”Fylkestinget ber om ei sak om språkbruken i administrasjonen der språkleg nøytralitet blir vurdert. I den samanheng kan forslag til nye retningslinjer for språkbruken bli arbeidd ut. Likeins kan tiltak for å fremje god språkføring generelt bli vurdert.”

Gjeldande vedtak

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedtatt at nynorsk skal vere administrasjonsspråk. Sidan 1.1.2004 har Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som eit forsøk fram til utgangen av 2007, vore integrert til ein felles administrasjon under namnet Møre og Romsdal fylke. Organisasjonsmodellen har namnet einskapsfylket. Dette inneber at Møre og Romsdal fylke gjer oppgåver både på vegne av staten og på vegne av fylkestinget.

Mållova

Det er Mållova som regulerer bruken av nynorsk og bokmål i statstenesta. (Lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, jf. forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste.)
Lova og forskriftene til lova har føresegner om mellom anna
§ jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune
§ bruken av nynorsk og bokmål i statsorgana
§ retten for kommunane og fylkeskommunane til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk
§ dei rettane private rettssubjekt (privatpersonar og private instansar) har til å få brev, eksamensoppgåver, vitnemål o.a. på si eiga målform
§ den plikta statsorgan har til å lage skjema på begge målformer og syte for at slik skjema er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk.

I Mållova heiter det:
”§ 5. Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan fylkestinget gjere for fylkeskommunen.

Så lenge ein kommune eller ein fylkeskommune ikkje har gjort vedtak som nemnt i denne paragrafen, skal han reknast for å vere språkleg nøytral.

Kommunar og fylkeskommunar skal melde vedtak etter denne paragrafen til departementet, som syter for at vedtaka blir gjorde kjende i statstenesta.”

Målbruk i offentleg teneste
Så seint som 17.mars 2006 blei alle statlege organ informert av Kultur- og kyrkjedepartementet om at Stortinget 16. mars 2006 behandla St.meld. nr. 7 (2005–2006) Målbruk i offentleg teneste. Innhaldet i meldinga rettar seg direkte til alle sentrale statsorgan. I stortingsmeldinga varslar Regjeringa auka innsats for å fremje nynorsk målbruk i staten. Ambisjonen er at statsorgana innan eit par år skal kunne dokumentere minst 25 prosent nynorsk, slik regelverket krev. ”Derfor gir no Regjering og Storting klar beskjed til statlege leiarar på alle nivå om at reglane for målbruk i staten skal etterlevast. Å sjå til at dette skjer, er ei tenesteplikt på linje med andre embets- og tenesteplikter. Hovudansvaret kviler på den øvste leiaren i kvart enkelt statsorgan”, heiter det i rundskrivet frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Status for nynorsk i Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke saman med Hordaland og Sogn og Fjordane er dei tre fylka i landet som har nynorsk som administrasjonsspråk. To fylke har bokmål og resten av fylka i landet har erklært seg nøytrale. Av kommunane i fylket har 23 nynorsk som administrasjonsspråk, 2 har bokmål og 13 har vedtatt å vere språkleg nøytrale.

Nynorsk var opplæringsspråk for 64,4 prosent av elevane i fylket for skoleåret 2004-05. Prosenten av nynorskelevar i grunnskolen i fylket i perioden 1971 – 2004 har halde seg nokså stabil med 59 prosent i 1971 og 55 prosent i 2004. Av dei vernepliktige i fylket i år 2000 brukte 39 prosent nynorsk. Målforma i Den norske kyrkja i Møre bispedømme er 72 prosent nynorsk i 2005. Ved NRK Møre og Romsdal har det vore ein nedgang i talet på tilsette som nyttar nynorsk, frå 73 prosent i 1988 til 59 prosent i 2003. Målforma i avisene i fylket viser at 13 aviser brukar nynorsk (40 070 i opplag), 5 aviser brukar både nynorsk og bokmål (47 644 i opplag) og 3 aviser brukar bokmål (37 350 i opplag). Med i denne statistikken er 21 aviser med eit opplag på 125 064.

Historia om nynorsken
startar med Ivar Aasen som på midten av 1800-talet gjekk frå bygd til bygd i store delar av Norge. Oppgåva var å kartleggje talemålet i landet. På bakgrunn av funna laga Aasen ei ordbok og ein grammatikk, og dermed fundamentet for eit nytt skriftspråk som han kalla landsmål. I 1885 blei landsmål sidestilt med riksmål. Frå 1892 kunne skolestyra velje om elevane skulle ha landsmål eller riksmål som opplæringsmål. I 1907 kom vedtaket om sidemålsstilen.

Nynorsken har endra seg mykje sidan midten av 1800-talet. Grammatikken har blitt mykje enklare, og moderne ord har kome inn i språket. I dag blir nynorsk skriftspråk brukt i dei fleste område i samfunnet - i offentleg forvaltning, i media, i litteratur og i vitskap.

Nynorsken som ein del av kulturen
Møre og Romsdal er eit av dei viktigaste nynorskfylka i landet. Dette representerer også ei utfordring for Møre og Romsdal fylke. Nynorsken er likevel ikkje eit regionspråk, men på alle vis eit nasjonalspråk. Truleg bur det fleire nynorskbrukarar i Oslo enn i nokon av dei erklærte nynorskkommunane.

Aldri før har så mange tekstar på nynorsk vore så lett tilgjengeleg som no. I 2005 fanst det minst 1,5 millionar nynorskdokument på Internett. Det inneber at nynorsken snart er like mykje brukt i det nyaste massemediet som i eit av dei eldste media, boka. Dei som bur i Norge i dag, høyrer med til den første generasjonen som i prinsippet møter nynorsk kvar dag.

Nynorsken i administrasjonen i Møre og Romsdal fylke
Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune har nynorsk som målform.
Mange medarbeidarar brukar nynorsk med stor glede, og gjer det på ein framifrå måte både skriftleg og munnleg. Dette gjeld først og fremst medarbeidarar som kjem frå område i fylket eller landet der nynorsken har lange tradisjonar. Rekruttering til stillingar skjer ut frå faglege kriterium. Auka mobilitet kombinert med opplevinga av Møre og Romsdal som ein attraktiv stad å bu, betyr også at administrasjonen får stadig fleire arbeidstakarar som ikkje har nynorsk som hovudmål. Mange dyktige fagfolk strevar til tider med å utvikle eit godt og ledig nynorsk. Samstundes ser vi mange døme på at medarbeidarar stadig utviklar seg ved å bruke nynorsk.

Vurderingar
Når det gjeld den statlege delen av verksemda i Møre og Romsdal fylke, gir Mållova klar melding. Der skal administrasjonen følgje kommunefleirtalet si språkform. I vårt fylke betyr dette altså nynorsk. Den fylkeskommunale verksemda derimot er underlagt fylkestinget. Etter gjeldande vedtak er nynorsk også administrasjonsspråk for den fylkeskommunale verksemda i einskapsfylket Møre og Romsdal. Nynorsk skriftkultur har ein tung tradisjon og stor verdi for mange menneske i vårt fylke. Spørsmålet om målform er såleis eit viktig kulturpolitisk tema. Ei eventuell endring til å vere språknøytral vil ikkje berre bryte med lange, gode og viktige tradisjonar i Møre og Romsdal, men vil også kome på kollisjonskurs med identiteten til mange offentlege institusjonar, organisasjonar og folk i Møre og Romsdal.

Forslag til vedtak:

1. I Møre og Romsdal fylkeskommune skal følgjande dokument vere på nynorsk:

2. For å utvikle god språkbruk i sentraladministrasjonen, vil det bli organisert støttefunksjonar som kurs i godt språk og hjelp til språkvask.




Ottar Brage Guttelvik
fylkesdirektør